Tilbake
Mangschou forlag
Mangschou forlag
Mangschou forlag
André Soltvedt
Skriv ut

Krim for ungdom, 8. trinn

Med utgangspunkt i spenningsbøkene SNATCH, GAMER og DRONEN fortel forfattar Tor Arve Røssland om korleis desse tre bøkene blei til. Korleis han brukte si latterleg omfattande erfaring med dataspel då han skreiv GAMER. Og korleis han mentalt måtte bli ein skurk for å skrive SNATCH. To erfaringar han ikkje ville vere forutan.

Når det gjeld GAMER, tar forfattaren opp problemstillingar rundt dataspeling og høyrer elevane sine erfaringar med dette.

Når det gjeld SNATCH, går han inn på det moralske dilemmaet som hovudpersonane er i: Kor langt ville du gått for å hjelpe dei du er glad i? Ville du blitt kriminell om det var siste utveg? Kvifor likar vi å lese om slike ting vi aldri ville gjort i verkelegheita?

Det er likevel DRONEN som blir via mest tid. Boka handlar om ein ung gut som blir radikalisert inn i eit farleg nasjonalistisk miljø. Dette vil garantert skape diskusjon!

Bøkene har korte setningar, slik at dei er lette å lese og dei vil fange spesielt gutar med tematikk og innhald. DRONEN er ei bok som vil provosere, og tematikken rundt rasisme er diverre aktuell.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trondheim kommune
  • Kunstnere/grupper: Tor Arve Røssland

Om kunstner / utøver / gruppe

Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999, har skrive sektsten barne- og ungdomsbøker. Han har formidla mykje i DKS sidan 2010 i mange av landets fylker og er framleis aktiv.  Forfattaren held også skrivekurs.